«Et pænt rypan»
Det var ein gammel kall ifrå Åbergsjorda, han Nils Nilsa, som skulle gå ein stad - om det var ifrå Åbergsjorda og til Nordmela skal eg ikkje seie; nok er det: På veien hørte han med kvert liksom verar brekta, og andre tider var det liksom ryper kakla, og det var forskjellige låter han var varst på turen. Men så døpte han dette gjenferdet, og då blei det stilt. For når de hørte slikt, skulle de seie:
Eg døpe' deg på ei von, Kari eller Jon!
Då skulle det bli stilt. De sa at slike låter kom ifrå udøpte bonn som var sett ut og tatt av dage på det viset. Eit slikt gjenferd blei kalla ein utbore.
Men det sa han Nils Nilsa, at om ikkje han hadde komme og døpt det, «så sku du vel ha sedd at det hadde bidd et pænt rypan!»
Han var finn, og snakkte liksom tvertfor (Emma Knutsen, Bø).