«God tår, havfru!»
Ein drengkall ute på Andnes hadde for vane å seie når han drakk einkvant, om det så var berre vatn: «God tår, havfru!»
Så var det ein dag han låg utpå havet og fiska, eit godt stykkje av land. Det var han og to til i båten. Veret var fint, og det stod berre eit lite vindgust av havet. Best som de satt, hørte de så vakker ein sang utanav havranda. Straks etter såg de det kom ein båt for fullt segel innover havet. I båten var det eitt kvinnfolk, ingen andre. Men ung og pen var ho, og håret hennes var breidd ut over akslane - det skein som gull. Ho 'styrte beint på båten der drengkallen var, han som så mang ein gong hadde drukke havfrua si skål. Så borda ho båten og sa til han: «Du har så mang-gong drukke mi skål; nu vil eg ein gong drikke di!» Dermed drog ho han inn i båten åt seg, og de forsvann.
Men etter den dagen skal havfrua aldri meir ha vist seg for Andnes-fiskarane.