Autorisert Av gammel tru

  Autorisert

Nøkketjønna, Sørmela

Kilde: Myrvang, Finn. 1976. I Trollbotn: Folkeminne frå Andøya. Noregs Boklag.
Opphavsrett: Finn Myrvang.

Vilkår for bruk:

Ufrøskje er eit ord i bruk. Det kjem visst av norr. ufreski og blir nær­mast nytta i tydinga «trollskap», «troll», meir sjeldan om spøkeri. Det blir også brukt om sjukdom - på dyr især - og om rovdyr og rovfuglar og flug-åt. Det nærmar seg såleis meininga i nynorsk «ufredt», sagt om stader der det er utrygt for rovdyr. Nærmast si opphavlige tyding er visst ordet når det står for slikt som gjer skade utan rett å vere kjent.

Troll fanst det i mange fasongar og med mange namn. Såleis rese eller resekall - «gjurmann» mykje sjeldnare - og tilsvarande gjura, resekjerring, trollkjerring eller rett og slett «kjerring»: Det siste oftast brukt som namn på visse berg- og fjellformasjonar. Det svarar heilt til slike lande­merke samane kalla Ak'ka, Gal'go o. 1.

«Trollkjerring» og «trollkall» har elles ei heilt anna tyding og. Det kan nemlig heite så om ei kjerring eller ein kall som driv (dreiv) troll­dom, - eller som iallfall ikkje er så god å komme ut for.

I Andøy kommune finst det fleire bergformasjonar som heiter Gjura el. l. Men her skal vi først nemne enkelte andre: Rett opp av Lynghaugdalen i Bø kommune er det eit skar i fjellbrunene der det står to berghamrar. Særlig den eine skil seg tydelig ut og kan minne litt om Vågakallen i Lofoten. Folk snakkar om Gjura og Gjurmannen, som etter segna vart til stein. På havet er Gjurmannen brukt til me. - På Skogsøya i Øksnes og i Ballstad i Lofoten er det likeins fjell som heiter Gjura.

Den landskjende Svolværgeita har også vore kalla Svolværgjura, Svolværguri eller Svolværkjerringa, og «Geitegjura» attpå til. - Landego skal med eit anna namn ha heitt også Giggerøya, det er «Gygreøya», og det heng i hop med fjellnamnet Landego-gjura, «ho Landegogjuri»1.

Namn på visse vette har lett for å gli over i nedsettande meining, hos oss iallfall. Som eit godt eksempel har vi underjordisk, eit ord som elles er lite brukt i dag. To liknande nemningar er haugbu, norrønt haugbiii (han som bur i haugen, er gravlagd der). Og så er det godbonde, uttalt gobbon(e). Begge desse siste orda får i vår tid oftast tydinga «heimføding», «særling», «einstøing» - ja «tufs».

Nisse skal komme av Nicolaus, som var namnet på ein legendarisk bisp i tidlig kristen tid. (Også mannsnamna Nils og Klaus kjem av Nicolaus.) Vi kan vel seie at heller ikkje dette ordet har unngått van­lagnaden, for «nisse» er jo brukt klart nedsettande i mange tilfelle,

Hulder (huill'er) blir derimot ikkje brukt med nedsettande meining, enten det kan komme av at trua på huldra har halde seg best fram til vår tid eller av at huldra skulle vere vakker(!) Kor som er, ordet tyder beinfram «den hulde» = løynde, skjulte.

Draug var på norrønt mål ein dauding, ein attergangar, og ordet er kjent frå landjorda med - sørpå. Men etter kvart kom «drag» til å bli nytta især om folk som sette til på sjøen (bleiv) - så i vår landsdel iall­fall - og smått om senn oppstod ein tradisjon om draugen som eit sær­skilt vette, på sida av fortellingane om vanlige daudingar, om bein­rangel osv. Den nordnorske draugen svarar så langt til sjódreygil i fær­øysk tradisjon, berre at vår nordnorske overlevering nok er rikare.

I dag blir draugen oftast berre nemnd når framvekstringar treng ei påminning om at dei skal legge ifrå seg årane på folkevis, når dei forlet båten.

Marmelen (marmælen normalisert) forsvann tidleg frå "produktiv" tradisjon, ser det ut til. Men marmeltradisjonen på Andøya og i Vesterålen viser iallfall at namnet blei nytta i opphavlig tyding (mar-menill = "liten havmann") heilt til det siste.

Havfrua har vore enda sjeldnare spurd, men på grunn av visse observasjonar ute på havet var det mange som hadde meir tru på at hav­mannen eller havkallen var til. Det var hettakallen som hadde «skylda» for det.

Sjøormen har neppe hatt noke stort rom i nordnorsk folketradisjon, og heller ikkje draken. Kan hende at gamle truer kjem klårare fram i samisk tradisjon iblant, i namn som Guow'de-jaw're og Guow'de-jokkå i Varanger. Namna er laga til det norrøne (haf)gufa, eit slags sjø­troll - men i samisk nærmast det same som «sjøorm».2

Sjå  «Lofotposten», julenummeret  1968. - Elles kan det verke litt rart at Gjura både på Skogsøya og i Svolvær med kvart blir kalla «Juret» (merk også formene Landego-gjura, -gjuri). Men Gjura på Skogsøya er plent som to høgvorne rundingar å sjå,  og  det same skal vere tilfelle med Svolværgjura, frå
Lofothavet sodd («Håløygminne» b. 9 s. 347). Det meir kjente namnet Svolværgeita heng derfor truleg i hop med «geit» i tydinga bryst. Liknande form har også Geitberget på Langenes.

Jamfør «Huh-tetta» s. 48 og flg. Fjordnamnet Godtjorden blir uttalt med ak­sent l (som så mange fjordnamn). Adj. «god» er gjerne forklaringa, men det er freistande å minne om  norr. gufa f. røyk, eim - men også i tydinga sjøtroll (hav-gufa).


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/14