Autorisert "Boardale"

"Boardale" var eit stort, nytt og fint engelsk tank- og forsyningsskip. Ein morgon i april 1940 låg det for anker utfor leian til Straumfjorden, forlatt av mannskapet og med slagside. Det hadde visst vore på grunn nokon stad og fått skade, for det sokk meir og meir.

Vi gjekk på m/b frå Straumsjøen ut til skipet, og vi såg folk ombord. Dei var i uniform. Det viste seg at det var Nykvåg-gutar, som alt hade funne uniformar ombord og kledd på seg. - Det var sikkert mykje rart ombord, kunne ein berre ha greid å berge noko av det. Og noko vart nå også berga av dei ulike båtar.

Vi vart liggande der ute ved skipet til langt på dagen, og vi skjønte at det kom snart til å søkke. Men då ville det nok flyte opp mangt som ein kunne redde. - Så la skipet seg over til babord, og med eit sokk det. Vi låg eit stykke ifrå og venta at noko skulle komme opp. Nokre smøroljefat kom opp, og dei hadde vi lyst på. Men før vi fekk gjort noko, fekk vi sjå små røykdottar på sjøen eit stykke unna oss, og med eit slo det opp eit veldig flammehav, som i eit nå breidde seg over alt hav omkring oss. Vi greidde ikkje å kjøre unna elden. Bror min, Alfred, rodde frå oss nyss før elden kom, og for han såg det nå stygt ut. Å ligge i ein småbåt i eit slikt eldhav såg ut som den visse død. Men vi greidde å komme til han før det var for seint. Varmen var så fæl at alle som var ombord, måtte komme under tak, vi greidde ikkje å vere på dekk.

Dessverre sette ein gut frå Nykvåg til i flammehavet.

Det var eit trist syn å sjå restane av båten hans ligge igjen der elden hadder herja.

Men det var vel meir som eit under at ikkje fleire sette til.

John Johnsen, Øyjord.


Denne artikkelen handler om

Historisk hendelse

Om innholdet

Kilde:
Rolv Straume/ Bø bygdebok, bind III, 1964
Opphavsrett:
Bø kommune
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2007/10/09