Drågtjønna
Drågtjønna har eg ei fortelling om, etter far min. Han hadde tre drengar og ein fostgut. Nu var det storsild i de dage, og fisken «tok i» storsilda utføre Nykraen. Dei låg i Hovden, men dei fiska på Nykraen, for der var best. Han far og han Ol' Gjertsa på Rise, dei var kompisar og var roen i lag på ein treroring. Han far såg han kom med uver, for han demte han så til uti nordvest. Men han Ol' Gjertsa ville ikkje slutte - han ville berre sitte og drage fisk. Ja, der var fisk å drage - longe og torsk og kveite. Men han far slengte jarsteinen i båten og varskudde: «Nu ror du! Nu ska vi ro - han kjem med uver!» Neidda, han Ol' Gjertsa blei rasande: «Du må gjer eit kast til.» Så kasta han far igjen, og der drog han ei kveite på ein førti kilo. Men då varskudde han: «Viss du nu ikkje ror, så får du åra i skolten !» Og så ropa han åt drengane: «Nu ska vi ro - nu må dokker ro på livet.» Ja, dei begynte å ro, men han far og han Ol' Gjertsa rodde bedre hell' dei: Dei skulle jo ha rodd godt, fire mann på ein firroring, men det var han far og han Ol' Gjertsa som var i vegen. Og han far sa at det var noko med dei: Ein av dei heldt på årane og hefta stadig. Og han far og han Ol' Gjertsa kjem i Nautnesleia - det er molje over der nu - og dei andre var langt unna enda. Då kjem han med rokket, skaver alldeles. Men dei kom seg åt kaia i Hovden, og det første han far gjorde var å gå opp og på Tussen, for han skjønte at dei karane greidde aldri å komme seg lenger då. Dei dreiv åt land med Drågtjønna, og der blei dei liggande. Då han far kom dit, låg dei der, og båten var knust. Men der hadde vore liv i ein av dei då dei kom åt, det vistest tydeleg.
Paul B. H. Pedersen,
Gustad