Fjorden og folket
Først grunnen til at eg har god kjennskap til Jørnfjorden, især Haugsnes krins. Eg vart tilsett som lærar på Søberg i Bø i 1923, men var då forlova med Edmund Jensen, som skolte i Dverberg. Vi var begge bøfjerdingar, og då Haugsnes skole vart ledig i april 1924, søkte Edmund Jensen og vart tilsett der. Han hadde posten til 1966, då sjukdom gjorde at han måtte slutte. Vi sa begge opp skoleposten 22. mai 1967. - Eg hadde nok skolt i dei fleste avgangsklassane i Bø då eg i 1939 vart fast tilsett ved Haugsnes barneskole. Særlig mannen min hadde mange gjeremål ved sida av skolearbeidet. Eg var lagrettemedlem og i forsorgsstyret, men han fekk så mange tillitsverv at han vart særleg godt kjend med folk og land, og det vart ein del reising på han som styremedlem i Norsk Lærarlag. Han starta Haugsnes mannskor i 1928, og i Bø og Malnes gamleheimsforening var han ei tid kasserar, ei tid formann, til Bøheimen var ferdig.
Jørnfjordingane må ha vore «arbeidets adelsfolk». Midt i førre hundreåret kom det mange vestlendingar hit, ja somme seier det er afrikansk islett i folket her. - Og ungdommen har det vore framtak i. Dei er velsedde som arbeidarar og fiskarar, og her er vel utdanna eit tjuetals lærarar, og tannlegar og prest. Fortsetter det slik, kan vi vel seie: «Lat oss ikkje forfederne gløyma under alt som me venda og snu, for dei gav oss ein arv til å gøyma, han er større enn mange vil tru».
Røssnes er nemnt kring 1600. Då budde der ein jekteskipper Reinholdt Christensen. Namnet Jektneset skriv seg frå den tid. Han og Mads Fetters på Nord-Vinje bygde ny kjerke i Bø ved det leite.
Røssnes var delt mellom ættene Hermansen Jektneset, Johnsene, Thorsen, Lauritzen og Kristoffersen. - I Vassvika budde nokre familiar som var i ætt med folket elles i krinsen.
På Haugsnes budde Nikolai Mortensen frå 1818 til 1870. Han var ute på Siribøen med seinot. Då kom eit fremmendt skip inn frå havet, og ein mann på skipet sa: «Du gamle mann, er ikke dette Siribøen?» Nikolai Mortensen trudde at mannen som spurde var den bortkomne lensmann Borkenhagen, som folk meinte var tatt til fange av engelskmannen under krigen først på 1800-talet.
Kring 1850 kom Aron og Gurine hit frå Lofoten. Dei er oldeforeldre til lektor Hans H. Jensen, som fortalde om Regine Normann i «Bøfjerding -80». Ætta til Aron Jensen og Jakob Remme busette seg på Guvåg, likeins Andreas Nicolaysen si ætt. Etterkommarane blanda seg svært med einannan og slo seg mest ned på Guvåg, men også på Røssnes og Haugsnes.
I Haugsnes-krinsen som elles i Bø var der ein del «Sandstrand-gods». Men folk fekk kjøpe av det, så dei vart sjølveigarar. - Sørfra kom ein familie Severin Widsteen og kjøpte halvparten av Haugsnes. Han åtte husmannsplassane i Bogen og Kvernfjorden. Han fekk og i stand landhandel, og poststad frå 1898. Men då dei gamle døde og ætlingane reiste til Amerika, vart posten flytta til Guvåg, og der vart det to landhandlarar, Sørensen og Nicolaysen. - Andreas Olsen frå Vikan kjøpte så Haugsnes gard, også han frå Vestlandet. Han var farbror til Rolf Kirkvaag, som er svært lik Andreas-folket.
Knut Hamsun virka eit år som omgangsskolelæ-rar i Bø, og skolte då nede på krambusalen hos Widsteen.
På Haugsnes elles budde Berge Thoresen, Karl Thoresen (vestlendingar som mange av dei andre), Ole Pedersen, Bjarne Nicolaysen og elles ætlingar av Andreas Olsen.
Widsteen sine hadde gitt Kalvøya til kyrkjegard. Det fortel Regine Normann så vakkert om. Dei gav også tomt til ungdomshus, som vart bygd på dugnad.
I 1934 fekk vi kjøpe utmarkteigen Grindhaugen, og der bygde vi. I Bogen budde då 2 naboar, av slekta på Haugsnes.
Då kommunen vedtok å bygge skole på Bøstrand, Fjærvoll, Straume og Haugsnes, gav Widsteen gratis tomt til Haugsnes krins. Skolen stod på tomta til i 1962, då den nye skolen i Tverrfjellkråa var ferdig, og vi flytta dit. Den gamle skolen vart flytta til Steine og bygd opp der, og beiter no Betania.
Til Haugsnes krins hører Kvernfjorden og Skorpa, inn til Jørlandssjøen. Folket er av same ætt overalt i krinsen, med vestlandsk og samisk innslag som vel elles i byda - arbeidssame folk. Det var småbruk og fiske dei livberga seg med.
Særskilt i denne krinsen kan ein seie at «kvinner selv stod op og strede som de vare mænd». Ei kone her miste brått forsørgjaren. Ho hadde fire mindreårige, den minste knapt året. Men ho reiste frå Finnmark til Bodø og tok alt arbeid som føre fall - og det var alltid tungt arbeid. Når ho no får trygd, er ho så takknemleg og seier: «Dette får eg utan å streve for det - heilt gratis».
I dei gamle geografibøkene stod det: «Eidsfjorden er Norges silderikeste fjord». Det lokka folk hit: Eidsfjorden går jo inn ved Guvåg. Men Jørnfjorden låg svært avstengd, veglaust og telefonlaust som her var lenge etter at bygda elles hadde fått begge delar. Det var liksom ikkje så gjævt å vere jørnfjording som å vere bøfjerding elles, det fekk vi ofte forståing av. Men folk her heldt pakkefestar i Hellfjorden som sommaren, så dei fekk inn ein del pengar, for sjølv om mannfolka arbeidde vegen Guvåg - Skorpa på dugnad og kvinnene bar mat gratis til dei, så måtte det ein del pengar til.
I 1917 - 1918 vart vegen Guvåg - Skorpa farande, men først i 1927 fekk krinsen samband med resten av bygda. Sigvart og Hilmar Pettersen på Gimstad hadde drosjer, og dei to brørne var dei første som kjørte derifra og til Guvåg med bil, i 1927.
Så mangla vi telefon. I 1924 vart her skipa eit privat telefonselskap. Telefonlinja vart bygd på dugnad av folket i Haugsnes og Klakksjord krins, frå Guvåg rundt fjorden og til Ringstad. Krinsane åtte telefonen aleine til i 1946. Der var to apparat på Guvåg, eitt på Røssnes og Haugsnes, eitt på Verhalsen og to på Klakksjorda.
På Haugsnes budde ein mann som heitte Ove Johannessen, mest kalla Ove haugesundar, for han kom som 11-åring frå Haugesund til besteforeldra på Haugsnes. Ove fekk den tanken at det måtte vere råd å fiske kveite på garn. Han skreiv til stortingsmann Jens Steffensen og fekk då eit tilskott på kr. 400. Så sette han seg til å binde garn. Han prøvde seg fram med 4-lagt hampetråd nr. 4 og starta med 15-toms masker; men seinare utvida han maskene til 18-toms. Han laga seg 8 garn a 25 famner, fekk tre mann med seg på sjarken, og så bar det på Vestfjorden. På Skrovhola innafor Skrova vart dei første kveitegarna sette i oktober 1932. Første natta fekk han to store beist, andre natta fekk han tre. Talet gjekk opp i elleve kveiter ei natt. Vekta var frå 80 kg og nedover.
Det vart mange, mange som ville lære seg denne kunsten, så Ove måtte få seg trykte skjema til å svare med. Forteljinga om Ove kom i blada, og han fekk ei påskjønning av staten på kr. 3000. Frå «Selskapet for de norske Fiskeriers Fremme» fekk han diplom med bronsemedalje for sin innsats.
Fiskarane var framsynte folk. Driftige fiskarar grunnla våren 1946 «Den gjensidige båtforsik-ringsforeningen 'Havbrott'». Edmund Jensen var tilsett som forretningsførar og kasserar. Vi setter som motto over folket her: De skaptes av tiden, av alvorets krav, av den karrige jord, av det skiftende hav, av de sporløse veier, av avstander lange, av heltenes gravsang, av kårene trange.
Elisif Jensen.