Foreng
«Mor mi fortelte det, og de veit eg det er sannheit: Det var med ho var heime på Bleik. De budde noke vest i gården, og det var berre ein nabo vestafor. Så var det ein vinterkveld at han var månskin og still, klårver alldeles. Då fekk de høre sånn sang, - salmesang. De gjekk ut, og då fekk de sjå fullt av svartkledde folk som samlast til eit hus bortafor. Og de hørte det var de som song liksalmar. De stod og såg på detta, to-tre søsken og så mora. Så sa ho: «Å ja, det bi nu dødsfall der, men det e det same - dokker ska ikkje seie noke».
Eg veit ikkje kor lang tid etter, då hendte akkurat det: Den salma blei songen, og folket samlast til det huset».
Det var ein annen gong, på Bleik det og, at der var ein som låg i andlåta, og de måtte til å sjå etter noke til likkista. - Så var det om natta. Ho Olea Jørensa fekk ikkje sove, og ho hørte liksom at der kom kjørande ein - med hest og slede - og gav seg til å kaste bord nerover snyskavlen. Det var godt skareføre, og det hørtest så godt for kver bordenden som tok skaren. Så var der ein snekkar ifrå Værdalen som heitte Johannes, til daglig kalla Johannes værdaling. Han låg oppe på stueloftet, og ho Olea ropte opp åt han om han hørte noke? Ja, sa han, og det viste seg at han hadde lagt merke til det same som ho.
Ikkje lenge etter kom der ein mann kjørande med bord til likkista, og de to la då merke til at det var nett den same lyden som de hadde hørt om natta.
Ja, det hendte rett som det var at de merkte støy eller larm når ein var død og trengte eitkvant til likferda. Det hendte og at folk var vars slikt før de døydde òg: Ein mann hørte eller syntest at det var litt uro oppe på naustlemmen, og samtidig var det liksom det arbeidde folk i kjellaren, der det var eit arbeidsrom for snekkararbeid. - Litt etter døydde mora hans. Det blei då tatt likkistebord av stabelen på naustlemmen; og kista blei arbeidd i kjellaren.
Då han Vitt på Nøss sette til, var også folk vars dunk og rørels på forskjellige steden': Først var det liksom der kom roande folk opp Keila, og det hørtest nokså lydt. - Men der var ikkje knyst i hunden, for alt at han elles alltid brukte å varsle den minste uro på sjø eller land.
Den same natta var det også «liv» i forskjellige ting i Kvæfjord-bua i Børrvågen, og han som losjerte der måtte tre gongen' stå opp og lukke att ei dør. Tridje gongen bad han om at nu måtte der bli stilt, - som det og blei. Men i det rommet blei det etterpå tatt noken bord til å legge liket på; og ein mann på Nordmela var vars noke samtidig.
Eingong han Kornelius på Saura hadde vore ute ein kveld og kom heimover gåande, hørte han slikt eit oll av båtsetting og mannemål nedi Elvebukta. Han blei redd og la til renns, for det var mørkt og svart og langt på natt.
Om morran rodde han Kornelius i lag med naboen. Kom han så med eit forrykande ver, og eit båtlag innanav Grøttaværan som hadde «gådd unna» over fjorden, de kom rekande som forliste folk. Då kom han Kornelius, og de berga folket og fekk båtane tennt opp i Elvebukta: Det var eit varsel om detta han hadde hørt.
Ein handelsmann på vestersida skulle ha det slik at han såg og visste ting før andre folk. Det bar så gale til at bror hans blei stukken ned i Stø. Buda om det kom åt ein mann på Åknes som var i slekt med han; han måtte gå med bo. Men då han kom dit, sa handelsmannen at han visste ka som var hendt.
Likeins sa de at handelsmannen og eit kvinnfolk frå Åknes gjekk til Bjørnskinn ein søndag der skulle vere preik, og då de gjekk forbi vinduet i Bjørnskinn-skolen om formiddagen, såg de at klokkaren sat der. Men han var død den same morran, fekk de vete litt etter.
Ein gong kom den same mannen gåande i lag med ein annen kar, -ein han hadde vore eit ærend hos. Og så gjekk de seg ein tur. Så møter de ein mann som de går forbi. Då snur handelsmannen seg og spør den andre: «Kjente du han?» - «Ja», svara den andre. Han sa ikkje meir, for mannen de nettopp hadde sett, han var ei tid sidan blitt tatt av sjyboren i Sørkeila på Åknes og gådd klar.
Denna siste fortellinga er også overlevert slik: Det var kring 1870 ein gong at to unggutar var ute og gjekk seg ein måneskinstur på vegen. Som de går, kjem der ein mann nordan av. Då de vel var faren om einannen, spurde den eine guten: «Kjente du han?» - «Ja,» svara han som blei spurd. Mannen de hadde sett, var stifar hans. Han stod då på likstrå og skulle førest til kjerkegården neste dag. - Og dagen etter blei det tatt båt til likferda der kor mannen kom ifrå, den tid gutane møtte han på vegen.
Det var på de same kantane, ein kveld sånn omkring 1900. Folket hadde lagt seg, men om ei stund blei der slik ei dunking imot veggen. Mannen i huset måtte då gå ned av loftet og ut på marka for å undersøke ka det var som hong og slong, men han fann ikkje noke som var laust. Så gjekk han og la seg. Men det same var det same: han måtte ut på nytt. - På sluten hadde han vore ute så mange gongen' at der visst ikkje var den bordfjøl i veggen han ikkje hadde rikla på. Han var då blitt så mykje opptrekt at han rauk etter tømmermannsbila som låg attmed trappa og sveiva ho rundt seg, berre så ho for langt av gårde då han slepte. Med det same sette han i, at nu måtte her bli stilt! Det blei og stilt.
Dagen etter, så spurde han seg føre i nabostua om de vel kjente til om der var folk som var død, noken staden nord i gården? Jau, der var nok det. Han fekk då vete ken det var. - Men den øksa som han hadde sendt i veg om natta, ho kom de for å låne då de skulle kaste opp grava og måtte ha å høgge tele med.
Ja, det var så mange slags foreng eller føresyn folk kunne fortelle om. Det mest vanlige var nok at de hørte eller såg folk før de kom, eller at de var vars eitkvant i tida før det verkelig skjedde.
Det var slett ikkje berre snakk om fægd eller anna gale: Tvert om saest det om slike som det gjekk foreng for, at de kom til å bli gamle folk. - At enkelte var frami føresyner på plassar der folk snart skulle komme og bygge eller slå seg ned, det er omtalt før.