Autorisert Gjursteinar

Det var ein gong ei trollkjerring som skulle skreve frå Bjørnskinntinden og til Toppen, ved Toppsundet i Troms. Men sola kom på ho, så ho blei til stein og datt ned. Desse steinane har fått namnet Gjursteinan'. Sagnet nemner ikkje noke om det, men de små tjønene attmed, Gjursteintjønen', de ligg etter einannen i myra - akkurat som djupe vassfylte trollkjerringføtt.

Opp imot fjellet sørom Nordmela ligg det ein stein de kallar Gjursteinen. Det lange raet der steinen er, blir kalla Gjurveien eller Gjursteinveien. På det same raet står det og ein stein som blir kalla Trollkjerringa eller gjerna berre Kjerringa. Men det er visst ingen som kan noke sagn om desse steinane.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Museum Nord
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/13