Autorisert Halvkar på skråpfiske

Eg rodde eingong vårfiske i Værøya, fortel Egil Mårsund. Det var i 1916, før vi flytta til Mårsund. Far min var på Finnmarka eller kor det var - nok var det, han hadde tinga meg plass hos han Gammel-Ananias med Kleppelva, som rodde fiske på firroring i Værøya.

Ja, det var eg 16-åringen og så tre kallar som al­le hadde vore høvedsmenn: attåt han Ananias var det han Karl Robertsen på Fjærvoll, og han Rasmus - far hans Søren Rasmussen. Der var ikkje så mykje båt i Skjerdingstad då som det hadde vore ei tid i verda, men eg syntest der var mange nok. Vi hadde hus hos han Ove i Skjer­dingstad, som sjølv var på Finnmarka. Dei had­de skøyte då. Vi låg på stueloftet: eg og han Rasmus på ei rye på golvet borti ei krå, og han Ananias og han Karl i éi seng. Og bortafor på veggen, der låg dei eldste døtterne hans Ove - men dei la seg alltid før oss og stod opp etter oss.

Det var eit eige miljø der ute, og det vart ein interessant vår som eg ikkje glømmer. Det var f.eks. ikkje skikk at du tok deg mat før du fór på sjøen om morgenen. Men både eg og han Karl vart så svultne når vi var på sjøen, at vi var heilt matte når vi kom på land: Ikkje var det berre å drage lina - med kvart skulle vi og til Vinjesjøen for å selje fisken før vi fekk oss mat! Så vi fann ut at viss ein av oss vakna før vi skulle ro om morgenen, skulle han vekke den andre og, så vi fekk oss mat - sjølvsagt i all stillheit.

Som tenkt, så gjort - men så vakna han Ana­nias og oppdaga at både eg og han Karl var borte. Og der kom han fykande og var ganske rasande: Kva vi hadde begynt med - ete før vi fór på sjøen?! Det nytta ikkje å forklare at vi var så svultne. Slikt var ikkje skikk og bruk, og då var det ein uskikk.

Den første tida vart der ikkje heist signal for utror. Då var det berre om å gjere kven som først kom seg av garde, og fare stilt åt så ingen andre båtlag vart vekt. Ja, det var å få på seg støvlane i ei fart - han Rasmus fekk ein gong på seg den eine, men vart mødd med den andre, og kom settande nedover bakkane med støvel på eine foten og hin i handa! Han fekk ikkje den på seg før han var heilt utpå Årbrottet. Der var alle firroringane fortøydd, og der skulle vi hale dei åt, så det var liv! Ja, det vart vel krig den første tida før signalen kom, om å komme seg først ut så ingen andre skulle få ta opp lina. Og så var det å kappro for livet, for han Ananias meinte at vi som var fire i talet (eg var rett nok berre halvkar), måtte ikkje la andre ro om oss. Og det fekk no ikkje nokon lov til heller -.

Ja, det med kapproing var mesta som ein sjukdom. Heime hadde vi ein kjeks som var rømt om så der vart plass for tre roarar, men det var no som regel berre to: Når far min og eg var roen og der kom ein båt på sida av oss, enten han var nær eller langt ifrå, så måtte vi ro heilt til vi såg han seig att-i (viss der var land på hi si­da å sjå han imot). Det var ei stor skam om han seig fram!

Men når skråpfisket for Skjerdingstad og der­med krangelen var kommen godt i gang, så vart det fastsett at der skulle heises utrorssignal. Det var nærmast berre ei lurve på ei stong, i haugen oppfor han Martin Olsa: Det var kvinnfolk som tok seg av det. Før signalen vart heist kl. 5, måt­te vi halde oss på ei linje frå Skåskjeret og inn­om Litle-Skjerdingen bort på Vika. Så var det å kappro heilt til vi kom åt ilen.

Den 17. mai det året var vi 'opp-over' som det heitte; og om morgonen den 18. skulle vi ut­over til Værøya igjen. Då var han rokk av nord-nordvest, og han Ramfjord som budde i Pollen skulle vere med. Han skola i Værøya, og han brukte å følgje med båtar som fór frå Vinjesjøen eller Svinøya. Då vi kom pund Værøya, vart vinden så sterk at vi kunne ikkje segle, vi måtte berre platte seglet og ro. Så fekk vi ei ros­se unna Skjerdingstadtinden som røska med seg sydvesten hans Rasmus - høgt opp i lukta og langt bortover sjøen. Han Ananias meinte vi måtte berre fortsette å ro, men han Rasmus bad for sydvesten sin; han måtte ha den. Og sydve­sten flaut, det såg han! Ja, så hamla vi åt med atterskotten, og eg ser enno tydeleg for meg då han Ramfjord berga sydvesten - han sat på atterskotten - rista og heiv han fram åt han Ras­mus. Og glad var han, for han hadde ikkje anna å ha på hauvet.

Tekst til foto: Skjerdingstad 1941 sett frå Kleiva: Huset med spisst røst rett hitom Arbrottet er Ragnvald R. sin skjå. Til v. stua hans Hagen Pedersen. Så skin sola i røstet på «borterstua» hos han Ove Robertsen, som har f)'øsen sin nærmast oss. I vinkel med Hagen-stua ser vi krambua hans Reidar Robertsen, med Martin og Ove sine naust attom igjen, til v. Det mørke våningshuset til Reidar R. har utbygg med kvite vinduskarmar. l bukta «der inne» i forgrunnen lengst til v. er fjøsen hans Martin Olsen, mens vi ser stua hans litt i skygge hitom Ragnvald sin skjå. Og til h. for desse to siste husa er «ner-stua» hans Ragnvald, med langsida mot oss, og Holst Pedersen si på Bakkan, med røstet mot oss. Den mørke fjøsen lengst til h. er Ragnvald sin, og i sjøkanten har Holst P. og Hagen P. nausta sine. - Skolen, sjå Bøfjerding -84 s. 29.

Foto: Reinholt Roarsen.

 

Så rodde vi då frammed Geitneset og inn til Skjerdingstad. - Agn hadde vi visstnok fått fatt i med Vinjesjøen dagen før, og vi gav oss til å egne, men vi visste slett ikkje om vi kom oss ut for veret. Men då der først var nokre som fór og skulle sette, så måtte sjølvsagt vi òg fare. Den gongen segla vi ut.

Til vanleg sette vi unna straumen, nordover; men vi såg at dei andre segla seg så langt nord. Dei var tenkt å sette unna vinden - dei såg det ikkje likt å ro imot vinden og sette, når han var så sterk. Men vi segla oss sørpå, og eg og han Karl skulle ro, mens han Rasmus måtte hjelpe han Ananias med å flytte stampar og slå i sam­an. Men når han hadde høve til det, så hjelpte han oss å ro. Og vi sette imot stormen slik han Ananias ville, men vi kom ikkje langt nord.

Så skulle vi på land, og dei som var ferdige med å sette, var begynt å ro; der var ingen som vatt. Men, sa han Ananias, «vi må då siggel!» Det hugser eg han rådførte seg med han Karl om - han Ananias var søstermannen hans Karl. Ja, fire klør måtte greie seg, meinte dei. Meir kunne dei då ikkje sette, sa han Ananias, skulle der vere ein liten lappe igjen. Men vinden var blitt så mykje inn på nord at vi 'stod' ikkje opp til Skjerdingstad, enda vi gjekk høgste gang og fekk nok av kald sjø over oss. Han Rasmus au­ste heile tida med eit veldig stort auskjer, og eg ville bytte med han, men nei - eg skulle bere halde meg fast, sa han.

Så segla vi opp på sørsida av Verholmen, og der utfor fyren braut det alle stadene, for der er steinar overalt. Men kallane var kjent, og dei segla opp imellom falla mens det braut tett sørom og tett nordom. Vi kom oss då opp pund Litløya: Der tok vi i saman, og rodde oss nord på innersida av Verholmen. Der var det smult, sjølv om vi enda hadde vinden.

Då vi kom til Skjerdingsad, var der ikkje ei sjel kommen på land, enda der var nokre som hadde tatt til å ro før oss. Og folket stod på haugane og såg - med kvart kunne dei skimte ein båt - og vi stilla oss opp i lag med dei andre og var glade for kvar båten som kom. Dei kom til slutt, alle; men trygge var vi ikkje før den siste var kommen på land, for han var så sterk at sjøen rauk.

Den måten vi kom på land på var den lettaste, men farefri vil eg ikkje seie at den seilasen var, for han Ananias var kjent for å vere stri å segle. Men vi to vart gode bussar, for når dei andre hadde 600 onglar line å egne, så egnte eg 300, og ferdig med det så hjelpe eg han. Det fekk eg sjølvsagt ei høg stjerne for.

Ved Finn Myrvang.


Denne artikkelen handler om

Gård

Historisk hendelse

Person

Om innholdet

Kilde:
Bøfjerding 1986
Opphavsrett:
Bø bygdelag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2009/02/24