Autorisert Han Per

Han Per gjekk eingong i makkeleira for å få seg lineagn. Då han hadde arbeidd ei stund, så kom der tre mann opp av sjøen og stemna dit kor han stod. Han prøvde å unngå de utsendingane med å gå opp utur fjæra og opp på grasmarka; og lenger opp enn til flomålet kom då heller ikkje de fremmende. Og der de ikkje hadde noka makt lenger, hverken til å gå lenger eller komme til ords, så la de vegen til sjøs igjen. Han Per gjorde seg atter ein skjøt ned i fjæra for å grave makk, men då kom de til bakers. Det var det same då han prøvde tridje gongen og. Men då fór han heim.

Neste år skulle han Per atter gå i makkeleira. Då han hadde arbeidd ei stund, så var de tre der liksom sist: De kom opp utur sjøen. Men då tenkte han Per at det fekk gå som det kunne: Nu ville han snakke og spørre om ken de var, og ka de ville han. - «Gud nåde deg,» fekk han til svar, «at du ikkje snakka då du sist var frami oss. Hadde du gjort det den gongen, så hadde mykje vore annsleis. Men for deg hadde det vore bedre at du ikkje hadde snakka nu heller, for då hadde vi ikkje fått noke med deg å gjere. Men nu blir du ikkje kvitt oss!» Og då vrimla der ein skare rundt han på leira, med alle slags fakter og ferder.

Han Per herda hogen i seg og spurde ka det stod i året før, då han ikkje snakka åt dem? Då svara der ein: «Du huser vel den ulykka på Sellevoll imella helgene, då de hadde drigje seigarnlenka ute på Longegga og han rauk opp av vesta, så de sette til? Hadde du snakka til oss i fjor, så hadde vi fått sagt deg at du kunne ha gått til Sellevoll og bedd dem å ikkje reise på sjøen den dagen. Men til straff skal vi følge deg, alle vi som her er; og vi er sett til på sjøen alle. Kanskje du òg fer den vegen ein dag. Vi føl deg kor du er på landjorda, men berre du sjøl skal sjå oss og høre oss».

Han Per hadde då allereia hørt og sett nok og meir enn nok, så det var alt anna enn trivelig at det var førsta nu følgjeskapet skulle ta til for alvor! - Og aller verst blei det for han når han skulle til med heimror. Det var som jamnast han som sat i bakrommet, og kver gong de nærma seg båtstøa såg han seg alltid om - ein gong til kver sida - og så sa han: «Javesst, nu e her noken tiendemenn førsamla!» I gamle dagar kaltest nemlig de for tiendemenn som først kom i fjæra og møtte dem som kom av sjøen; og han Per såg alltid dessan karan' om seg på landet, - slik de hadde sagt. Men det verste var likavel kver gong han skulle utur båten og på land, for det var ikkje tale om at han greidde det tørrføttes: Han måtte under i sjø så lang han var, og var gjønnavåt over hauv kver einaste gong.

Ein vakker dag kom så han Per i drømme med presten Bang, som bad han om å komme åt han på Dverberg ei torsdagsnatt i adventa. Og han Bang var prest i Dverberg på slutten av 1700-tallet; det var han som hadde folketellinga på nyåret i 1801. Det var han som hadde døpt og konfirmert han Per: Men den tid han Per drømte han Bang, låg han på kjerkegården på Dverberg, for han var død i 1804.

For han Per var det første ilt og det andre verre: å ta på seg den femtimes lange turen til Dverberg ei mørk natt i adventa mo åleina, med berre ånder omkring seg og med god von om å treffe enda fleire! Han snakka med både ein og med fleire om de ikkje kunne slå lag med han, men ingen av naboane ville vere med på den turen. Så han drygde det i lengste laget før det bar i veg; då var det berre ei torsdagsnatt igjen. Han fekk kona til å vere med, og ho følgte han til nord i Myra-gården; så gjekk han åleina det stykkjet som var igjen.

Kommen til Skottberget, så vistest det for han som om der skulle ha stide eit slag imella to hærar, for på nersida av vegen var det strødd med tareleggar, og på øversida med likkistebord. Men han måtte berre fortsette, i kor som var.

Kommen fram åt kjerka inne på kjerkegården, der trefte han Per presten Bang som tok imot han med de ord: «Her ser du din døpefader, men hvem som blir din arvefader vet jeg ikke. Nu var det på høi tid du kom, for jeg har stått i tre på hinanden følgende torsdagsnætter; kun en liden tid længere, så havde det været forsent, og jeg havde ei kunnet hjelpe dig».

Presten tok nu han Per med seg inn på kjerkegården, og der gjekk han laus med ein tale som han Per ikkje fekk grunn i. Men han forstod av handlaget og ferdene at presten både hota og trua. Då talen var endt, stemte presten i med salma «Bort Verden af mit Sind og Øie»; og straks salma var songen og den siste tonen var døydd bort, stod han Per åleina igjen. Alle de gamle synene var borte. - Etter den tid var det ikkje len­ger så utrivelig å vere Per, for han slapp og det daglige sjøbadet når han skulle i land.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/06