Autorisert Hulderdyr og gjetardagar

  Autorisert

Den store steinen på Risøya

Kilde: Myrvang, Finn. 1976. I Trollbotn: Folkeminne frå Andøya. Noregs Boklag.
Opphavsrett: Finn Myrvang

Vilkår for bruk:

Ein gong han Torkel Jonsa og han Teodor Hansa skulle gå til Fornes i lag, fekk de sjå ein heil geiteskokk på drekta framføre seg. Det bar nordover med geiterne og meir og meir til fjells; men der forsvann de i skogen. - Det var ei tid på året då det slett ikkje brukte å vere geiter ute på gårdane.

Ho Elen Devor (Deborah) Ingebriktsde i Kobbedalen var frå Forfjorden. Ho var ein gong som halvvoksa jenta på Fornes og gjette kret­turan. Best som det var, fekk ho sjå ein stor mann med noke punde eine arma. Men ho Elen, ho gav seg just ikkje til å vente på ka meir ho kunne få sjå - ho la på spranget. Og ho var ikkje frami den store man­nen noka tid seinare heller.

På sørsida av Risøya, nedi bakkan, der står det ein stor stein. Og den steinen er liksom hul. «Den tid vi brukte å vere i marka og gjete kyrne var det ikkje tale om å komme opp på den steinen unntaken vi mura mindre Steinar opp-åt», sa han Regnor i Lanesskogan. «Når vi tok nevestein og kakka på han, var det nett som om han var hul på eine sida. - 'Ja', sa han far ein gong eg nemnte det for han, - 'du såg ikkje hulder? Det e ju der huldra bur', sa han».

Ei kona på Åknes kom ein gong heim ifrå kjerka og såg ei ku som gjekk og gnog nedmed Latjønna. Ho holdte seg i at det var ei hulderku, så ho tenkte at ho sku sålsen sjå til å få tak i ho! Men kua forsvann før ho kom så langt.

Ein annen gong sette den same kona seg innåt ein jordfast stein heime. Ho tenkte å 'lure han av' der mens de andre låg til middags inne. Då hørte ho banbyss inne i steinen (han var enda på skap som ein høymue), og ho sa med ein gong: «Ja, eg skal flytte meg og ikkje sitte i vegen».

Ein gong blant alle gongar skulle han Hans Pauli på Sørmjøla hente heim buskapen. I den tida tok de heim sauene og, for det blei så god rømmekolla når saumjølka var med. Då han Hans Pauli kom på høgste humpen nord i Sandhaugan hadde han saktas utsyn nok: Han såg at ku-buskapen gjekk nokså nært, og sidan de kom så fint matleitande heim-over tok han det alldeles med ro. Men då han hadde ligje der og rekt seg ei god stund og endelig fann tida inne til å sanke i hopen og jage heim - her finn han ikkje ein klauv! Då var det ju berre å fare som ein snørlaus jarstein, heilt til han fekk auga på kretturan langt borte: De hadde strøke heilt oppund Bøfjellet.

Det la han ut såleis etterpå, at det var just ikkje Mjøla-kyrne han hadde sett i Sandhaugan. Det var ju gammelt at der var det ein hulderstad.

På stranda imella Bø og Nøss ligg det ein stor stein tett pund fjellet som heiter Torgardsteinen. Han Paul Nilsa såg ein gong ein heil bøling som gjekk der attmed, - men best som det var, forsvann de heilt attom steinen. Slike fortellingar var det mange av de gamle på Bø som hadde.

Ho Ane Paulina Jakopsde i Kobbedalen var ei tid på Nøss med ho var vekja. Ein dag ho sat og gjette kretturan, hadde ho med seg skolebøkerne sine for å lese lekser. Då hørte ho at der var ein unge som gråt, men ho såg ingen ting. Det var med Lasteinen.

Ho Kerstina på Nordmjøla såg ein gong at der sat ei kona og to ungar oppi Brettebakkan på Nøss. Det hørtest ut for ho som om de hadde ein slags andakt for seg, for de både leste og song; men ho fekk ikkje ordskil. Det var liksom ein lund der de sat.

«Det var i den gamle tida som det var ennu i min oppvekst», sa han Odin Olsen på Åbergsjorda, - «at de sat her sør i marka og gjette kyrne om vårane for at de ikkje skulle komme opp i fjellet og rape. De måtte passe godt på og ha de pund augan heile tida. Kvinnfolkan hadde som oftast bunding med seg, eller sysaker. Og når de sat der på gjelsetuva, som det heitte, då kunne det ju hende at de både hørte og såg eitt og annat. Ho Stina nemnte særskilt ein gong: Best som det var fekk ho høre at det kjerna, med ei gammeldags stavkjerna. Ja, så gav de seg til å lytte, og de hørte godt kor lyden kom ifrå, så de var å stad for å sjå etter ka detta kunne vere. Jau, då fekk de sjå at der sat ei gammel, skrukket kjerring med ei kjerna imella knean. Og den her gammelbesta, ho spurde om de ville ha smørgås. Jau, det ville de då ha ... Men så sei ho det: 'Dokker kan spise så nær inn-åt dokker vel, men ta ikkje det så e medt i klaten! for elles kjem dokker ikkje heim - då bi dokker huldtatt'».

Ho Leonora Rebekka Skau på Myre sat eingong attmed Huldsteinen og gjette. Mens ho sat der, var det liksom at der kom ein kubøling opp av slette marka og gjekk der og åt like frammed steinen. Hennes eigne kyr gjekk noke lenger sør, og de blanda seg ikkje med de fremmende kyrne. - Men det vara ikkje så lenge, så forsvann fremmendkyrne igjen.

Han Anton Isaksa i Breivika skulle ein gong gå til Ramsa; han hadde ærend åt han Rasmus Kristoffersa. - Kommen nesten bort åt døra får han sjå ei ku frammed husveggen, rød og kvit på let. - Med det same han anste kua, sytte ho, og han gjekk ut ifrå at der var einkvan inne som hadde vore å stad og kjøpt seg ny ku. Då han så kom inn og ikkje fann andre enn heimefolket, så spurde han: «Ken det e si ku som står ute?» Nei, det visste ikkje de noke om. Og då de skulle ut og sjå på kua, var ho som sokken i jorda.

På Skarstein var det ein gong to gutar som såg at der fór og sprang ein kalv; han var sny-fonne kvit. Det rare var berre at der fantest ikkje husstand på gården som hadde kvit kalv, det de visste om.

Noke liknande var det med ho Skarstein-Ane, som blei gift med han Per i Lovika. Ho såg og eit kvitt krettur ein gong - det kom settande beint imot eit berg der det var ei reva, og blei sporlaust borte med det same. Men hakk i hel kom der firande ei ku, og ho rente skolten så fast i bergklefta at de fekk ho ikkje laus igjen! De måtte rett og slett slakte ho, der ho stod.

Eingong mens ho Lina på Bleik tjente hos han Mikkjel Olai på Stave, så blei ho vars to kyr på ein bås ein dag. Ho gjekk straks inn for å seie det med husbonden, men då de kom i fjøsen og skulle skø den nye kua var ho forsvunnen. - Ei anna kona på Bleik var også fram-i ei vilt fremmend ku i fjøsen heime hos seg.

Det kan vel ha vore så rundt 1880 på lag, at han Andreas Kristoffersa på Bleik tok seg til med å ligge i fjøsen om sommaren, sidan det var meir svalt der. Då hørte han liksom at der var noken som flytta inn, og dørene for både opp og att enda han visste at de var både låst og læst".

Ho Alet, datter åt han Ol'Jansa på Bleik, ho skulle ein gong i fjøsen og moke. Då fekk ho sjå at der kom ei hulderkona berande med reka hennes og skulle å stad og ta av lunnen. - Den same gongen hørte ho også at der var kalvar som rauta og lam som brækta, for alt at ho ikkje hadde kalv eller lam blant sine eigne krettur. Men sjå de fremmede dyran fekk ho ikkje.

Så var det i ein fjøs på Åknes. Der var ikkje bås for hulderkyr, så huldra måtte stadig løyse ei av kyrne for å få båsrom åt seg sjølv. Det var særskilt ein av båsane ho hadde hoglagt, og den kua som stod der, var botten med ein stiv jarband-klave. De andre kyrne hadde berre bjerkesuler med tau over. De fekk stå i ro, men ho med jarbandklaven blei løyst stadig vekk - utan at nakkebjelken var tikjen laus. Og elles var det omulig for noken dødelig å smøygje klaven fram over skolten på kua. - Så var det ein dag at ho Gurine Persde kom i fjøsen og hørte sånn stønning. Då tenkte ho straks på kua med klaven, og det var ikkje finare å få det: Klaven var kommen så langt fram at ho Gurine måtte ta i av kòrnkrafta for å få han til bakers.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/14