Hulderkyr
Det var utpå hausten, og kyrne var manggong så lenge ute når det var godt ver at det var mørkt før de kom heim. - Ei jenta skulle ein dag etter kyrne, som gjekk oppi Storhola nord for Bleik. Då ho fann dem, var der ei ku meir enn det skulle vere, og ho kjentest ikkje med kua som noken av grannan' si heller. Dermed tok ho og jaga kua, og ho gjorde seg eit heilt strev for å greie det, med hysk og holing.
Då ropa det borti haugane:
«Ka ska' får1 med fe som ikkje kan passe det!»
Det var ei ku som kom huldra til; men ho hadde villa gje vekja kua. Hadde ho tatt kua med seg, hadde det blitt hennes.
Så var det ei anna hulderkjerring, som òg gav bort ei ku ein gong. Men de som hadde fått kua, vanskjøtta ho så at ho måtte ta kua til bakers. Då sa hulderkjerringa:
«Ka sku' folk med fe? De kunn'kje akte det.»
Detta blir også fortalt slik, at det var ein gong ei kona som fekk ei hulderku. Hulderkyr, de er blå på let. - Og denna same kua, ho mjølka godt. Men huldra fann ikkje at kona røkta kua så godt som ho burde, så ho tok kua til bakers. Og så sa ho:
«Ka ska' folk med fe som ikkje akta' det?»
Folk sa nemlig - når de gjette krettur eller passa ungar - at de akta dem. Det var gjerna særskilte plassar som høvde godt for gjeting. Slik er det vel at Aktelia innmed Springarbekken i Bø-marka har fått namnet sitt.
Det var ei anna kona og, som kunne ha fått seg ku hos huldra, men som ikkje stella ho slik at huldra tøkte ho var kua verd. Huldra tok då kua til bakers for det same, med den uttalen:
«Ka ska' får med fe som ikkje kan gjøne2 te seg?
Ikkje har du og ikkje får du ku!»
Det skulle vere ein stad imella Breivika og Ramsa at det bar så til.
Så var det eit anna kvinnfolk, ei synnan av Sandnes som blei gift på Bleik. Ho som andre kvinnfolk i den tida fekk krettur med seg når de for heiman av. Og då ho så flytta, med kua si, hadde ho bror sin i lag med seg. De skulle vel gå vestersida.
Imella Dalen og Åknes ein stad kom der eit par krettur - eg skal la det vere usagt om det var to kalvar eller om det var voksne krettur -og ville gje seg i laget med. Men de jaga dessan kretturan unna, så godt de kunne. Då hørte de noken som sa:
«Ka ska' slikt med fe som'kje kan bevare det!»
Det forklarte folk slik at viss ho berre hadde tatt imot kretturan og lagt handa si på dem, så skulle ho ikkje ha blitt skilt med dem. - Men det følgte med for det same, av di at ho jaga bort hulderkyrne, at ho naut ikkje krettur seinare.
Så var det ein gut som heitte Nils Kristian. Til han kom der eingong ei hulderjenta og baud seg til å bli kona hannos. Ho hadde like til heimgavaku med seg. Men han avslo. - Etterpå kom mor åt jenta og sa med han Nils Kristian:
«Eg baud deg både ku og kvinnfolk, men nu får du ingen!» Og drengkall blei han.
Eingong var det ei kona som av ein eller annen grunn ikkje hadde kua si åt okse med ho «hadde det for seg». Så gjekk det ei stund, og då såg det mesta ut som at kua var med kalv likavel - kor nu det kunne ha seg. Og snart blei det heilt synbert.
Då det leid så langt at kua skulle kalve, passa kona godt på. Men det ville liksom ikkje bli til noke med kalvinga mens kona var i fjøsen, så om ei stund gjorde ho seg eit snopærend inn på kjøkenet. Då ho kom til bakers straks etterpå, var kua allereia kalva, og kalven var der. - Men hellest meinte kona der var syner til at kua hadde hatt ein kalv til. Si' ho visste at kua ikkje hadde vore leidd i rett tid, så måtte det vere ei hulderkona som hadde leidd kua åt ein av sine oksar: Og nu hadde ho tikje eine kalven for omaken.
Ein dag i 1891 sat han Nils Andersa på Åknes samen med datterdatter si. De vikte smått kyrne bort frå innmarka. Best som det var fekk de sjå ei fremmend ku, spraglet og nokså stor. Nu hadde ikkje han Nils noke å fange kua med, så han skulle gå heim og hente - ventelig tenkte han på ein jarstaur eller eitkvant av stål - og i mellers tid skulle vekja vere der og passe på. Ho sat og såg på den pene kua og slepte ho ikkje av augan: Men best som det var forsvann kua og var ingen staden å sjå lenger.
Folk sa elles at han Nils hadde ikkje trengt å gå heim etter stål den gongen - han kunne lett ha fått kua, i same tida.
1 Same hermet finst på Senja. Eigentleg er «får» og «fe» same ordet, språkhistorisk, men her har vi venteleg med «får» i nedsettande meining å gjere (jfr. «fårot» adj.)
2 Uklart skrive, av Rasmus Pedersen, men meininga er nok «gjømme», for i to tilsvarande rim står «gøyme» («Håløygminne» b. 13, s. 477 og 485). Vi kan merke oss at gøyme eigentleg heng i hop med (gje) gaum, (gje) akt på. - Her syntest å stå gjøne: I fall det likevel er rett, må vi tenke oss eit verb *gjønne svarande til isl. gegna «ta seg av» og gegning «fjøsstell», sameleis som norr. gegnum prep. heiter gjønna i vårt målføre.