Autorisert Jenegga (O. Nicolaissen, 1874)

Jenegga er ein stor fiskebank sju mil til havs nordvest for Malnes. Denne fiskebanken skal etter sagnet vere oppdaga av ein mann frå Malnesfjerdingen. Mannen budde på garden Jennes. Han var nå blitt gammal og svak, og det var skralt med synet. Men han hadde tre søner, riktig nok hardhauser, og dei hadde både øyra og augo på rette staden. Ei natt drømte mannen at ein selsom gamling kom til han og ba han neste dag ta med seg sju eiketynner godt banda, og ro så langt ut ”at Jenntinden og Malnesberga går, og Sassponen på Gaukværøya står”, så skulle han finne ein fiskerplass så framifrå som ingen annan på alt hav omkring.

Ja, neste dag sto mannen tidlig opp, tok sønenen med seg og la til havs. Dei segla, og sønene syntes at sjøvegen vart nå noko lite lang. Men mannen ba dei berre sjå etter  mean dei hadde fått oppgitt. Då dei langt om lenge kom fram, lodda dei, og der var fiskebanken på 40-50 famner vatn. Så begynte dei å fiske. Kveiter og longe beit i eit, og det vara ikkje lenge, så hadde dei båten full av fisk. Ein frisk vind tok nå til å blåse inn frå havet.  Dei vatt seglet og tok på heimvegen til Jennen. Dei undra seg på kva dei skulle med eiketynnene. Dei kunne dei då ikkje ha bruk for her ute. Men best som det var, kom der eit stygt beist, riktig ei avskapelig styggelse, farande bort over havflata og sette beint på båten. Sønene, som ellers ikke var så lette å skremme, vart noko lite forfjamsa, men den rolege gamlingen greip ei av eiketynnene og kasta henne ut av båten. Beistet tok nå å hamre laus på eiketynna, mens båten for som ei pil for frisk bør. Då dei hadde segla i ei mil kom ubeistet igjen. Då kasta dei neste tynna. Såleis gikk det ved kvart milskifte. Men då dei hadde segla siste mila, hadde dei ikkje fleire tynner igjen, og nå var trollet der. Den åpna det fæle gapet for å knuse båten. Då greip gamlingen fiskesakset sitt og kasta det inn i kjeften på trollet, og straks vart trollet til stein. For det var med det som med andre troll at det tålte ikkje å komme nær jarn eller stål. Trollet som vart til stein, er nå eit avlangt, rundaktig skjær, Svartoksen, som ligg tett utfor Frugga ved Hovden i Malnes. Sia har Jenegga vore eit søkt fiskestad. Men ingen har vore brydd av uvette og troll korkje i Jenegga eller på heimvegen frå Jenegga. 


Denne artikkelen handler om

Sagn

Om innholdet

Kilde:
Etter O. Nicolaissen: Sagn og Eventyr fra Nordland 1874
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Stian Lavik
Tittel:
Utviklingsansvarlig
Organisasjon:
Cerpus AS
Dato:
2007/06/26