Autorisert Kjerkebergan

Kjerkebergan er sørom Nordmela. Der er det ei hula som er laga av sjøen. Ho er open heilt opp, på det viset at der er ei klift; men der er avslipa og vidt ut til sidene. Ei lågare utsliping lenger nede med grunnen heiter Alteret: Før i tida var det rekna som litt av eit karsstykkje blant ungane når ein torde å krype igjønna Alteret, for det var «hellig» eller noke i den lei.

Nedi enden på den same klifta er det ein stor stein som går under namn av Preikestolen. (Det heiter forresten ein hammar i Buskelia i Bjørnskinn også.)


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/06