Kjerringa og Pengesekken
Eit stykkje sørom Børrvågen står det ein stad eit stort og eit lite berg tett attmed einannen. Det store har ei rødaktig farga; det litje ser ut som det ligg på det store som ei børra. Desse to steinane blir kalla Kjerringa og Pengesekken. Attom ligg det fleire mindre steinar.
Om alle desse steinane går det eit sagn: Ei résekjerring gjekk ein gong opp på Børrtinden for å skreve over på Klotinden - det er vest på Langøya. Ho var vel meint på å flytte, for ho hadde både ungane og pengesekken sin med seg! Men i det same ho sette av gårde, kom sola på ho, og ho blei til stein og ramla ned. Pengeskrinet datt utav sekken og hamna på høgste Børrhella. Der ligg det den dag i dag som ein jordfast stein; og Skrinet er namnet. De brukar denne steinen til me på havet, og du kan sjå han heilt utanav Bleiksbakkan. - De små steinane attom Kjerringa og Pengesekken, det er ungane til résekjerringa, det.