Malneskjerka
Då dei skulle bygge første kjerka i annekset, var det avgjort at ho skulle stå på Nordmarka i Sandvika. Materialen til kjerka var også brakt på land der.
Ei natt vart det eit forfælande uver, og på den natta var all materialen blitt brakt til garden Malnes. Såleis bar det til at kjerka vart bygd på Malnes.
Men på Nordmarka meinte dei lenge dei kunne sjå den tomta der kjerka skulle ha stått.