Meir om gongferda
Det var han Johannes Ingebriktsa. På sine gamle dagar var han bortsett for kommunen. Då var han hos han far. Eg minnest han, og eg kan tenke meg at han døydde i 1907 eller den tid. Vi hadde han som ein bestefar - eg minnest ingen av mine eigne besteforeldra - og han levde sine siste år hos oss.
Nu fortelle han ikkje den historia som eg hørte på, men eg har hørt ho av andre: Kona, ho Ingeborg, var på Nøss i ungdommen. Og han var på Bø. Så var det med den tid de var forlova, at der døydde eit menneske på Bø, og han Johannes var då gådd til Nøss og skulle hente likkistesverta - kjønnrekk de kalte (kimrøk). Det var noke de brukte til svartmaling. Men du veit, han Johannes hadde kjæresten på Nøss, så han gav seg god tida til det blei kveld. Kor seint på kvelden, det tør eg ikkje seie noke om.
Då han endelig ein gong fann ut at han skulle gå heim og var kommen så langt at han hadde forlatt Nøss-gården (på Korsmarka), då hørte han eit brak attføre seg, - og så tok «det» han med seg. Han visste snarsagt ikkje om han lødde marka før han kom på Skitenbakkan. Og hunden han hadde med seg, han rente imella følene på han.
Slikt var det enkelle av de gamle kalle for gongferda.