Merkes-mannen
Her er ei fortelling om Merkes-mannen etter bestefar min, han Ole Helmer:
Det var ein søndags formiddag i førstninga av mai i 1888 at han bestefar gjekk vestover til Skredfjellet for å sjå etter noken sauer med små lam som var sloppen tidlig ut på beite. - På heimturen like etter at han var gått over Merkeselva fekk han sjå ein eldre mann som var godt kledd, i ein gammel kjerkedress såg det ut til. Han bestefar min - som du veit var ein kraftkar og uredd - han gjekk på sida av denna mannen. Mannen han såg på han bestefar, men han helste ikkje og gjorde ikkje miner til å ville slå av ein prat heller. Han bestefar trudde det var ein levande mann og tenkte som så: «Du kan berre vere overlegen, men i alle fall skal du bli sveitt før du greier å gå ifrå meg!» Men det rare var at då de nærma seg nerenden av Merket, - hér blei mannen meir og meir som ein skygge å sjå til: Når han bestefar stansa, då stansa mannen og. Han bestefar var nu klar over at eitt eller anna var i ferd med å skje med den fremmende, så han nytta høvan og liksom skødde hin karen frå topp til tå, så lenge han kunne. Men på den siste graspallen, berre fem meter frå fjellsida, forsvann mannen rett for augan på han, berre tre meter til sides. - Han bestefar syntest visst at detta var nifst, for han tok fjærevegen heim enda det var flo sjø. (Normann Johns.)
Ein gong skulle han Martin Andreas gå til Andenes så tidlig om morgonen at han kunne vere der til rortid. Det var godver og måneskin.
Imella Klæva og Andenes ein stad kom der ein fremmend mann fram unna ein stein: Han hadde ein bylt med skinnkleda på ryggen - sjøhyr - og komagar på føtene. De hadde lenge same drekta, den fremmende og han; men så skotta han Martin ned i fotsporan etter mannen, og då han så skulle sjå opp igjen, var mannen borte.