Nykemedelen
I seglskutenes tid hadde dei den skikken når nokon døydde om bord, og dei var på langfart: dei la liket i ein uthola stokk og sette det på sjøen. Det blei også lagt pengar i stokken. Dei skulle vere til gravferda, om nokon fann stokken. Sagnet fortel at Kristoffer på Nyke fann ein sånn stokk på Nykraen i 1840-åra. I stokken var frua til ein kaptein. Og der var ikkje berre ein god slump pengar, men også ei mengde med sølvtøy, så mykje som trengtes til eit stort gjestebod. Han Kristoffer tok pengane og sølvtøyet, men stokken med liket sette han på sjøen.
Men det skulle han ikkje ha gjort. Ei tid etter då han sat i stua, pikka det på døra, men han Kristoffer less ikkje ansa det. Om ei stund pikka det endå ein gong, og då gjekk han ut. Då han kom inn att, sa han: - Ja, no har eg snart ete mitt siste mål.
Ei natt han låg i senga, kom ein mann til han. Då mannen hadde sett på Kristoffer ei stund, gjekk han til skapet, tok fram sølvtøyet og sette det ut over bordet. Då bordet var fullsett med sølvty, sopa han alt frå golvet og sa: - Så snau skal du bli!
Ikkje lenge etter blei Kristoffer spilt, og om ei tid døydde han 45 år gammal i 1851. Enka Valborg sat igjen med barneflokken. Åtte år etter mista ho på same dagen tre søner. Det var den 20. mai 1858. Presten Jensen dikta då songen om Valborgsønene.
Nykemedelen vara gjennom 2 ættledd, men så gjekk det ut med han.