Autorisert Reka og "titingen i Edisfjorden"

 

Ikkje noko sagn frå Vesterålen ser ut til å være så kjent og ofte  omtalt som dette. Eg kan i farten minnes å ha sett variantar av det på trykk i ”Håløygminne” III (Edv. Ruud),  i ”Trollfjell” av Leif Ytteren, i ”Hofdasegl”, ”Harstad Tidende” (”Scio” 1959) og visstnok i ei av samlingane til O.M. Nicolaissen.  Til dette kjem at eg sjøl har hørt sagnet fortalt. – Edv. Ruud lar det være Hinmannen som grev ut Eidsfjorden, ellers er det alltid ein rèse, og trulig er dette siste den eldste tradisjonen.

Eg har funne det interessant å sammenlikne desse variantane, som utfyller kverandre på ein underholdande måte. Slik kunne sagnet ta seg ut om på nær alle detaljar og særdrag blei tatt med:

Inst i Eidsfjorden, som eingong var den mest kjente sildefjorden i landet, der ligg Reka. Reka er ein fjelltopp og har namn etter forma: ho ser ut som bladet av ei gammeldags fjøsreka, med ein stubbe av skaftet igjen på toppen. Det er særlig lett å sjå dette nordanav, frå Bjørndalsfjorden og der omkring.

Det bodde eingong ein rèse på Langøya som syntest der var for mykje fjell. Han ville heller ha fjordar og sund kor folk kunne bygge og bo. Så gjekk han i gang med å grave – han ville ha øya delt i to. Men først tok han på seg eit par drabelige  sjøvottar, for han ville ikkje ha vassblemmer og såre fingrar.  Staden der han tok vottane på seg, vart seinare heitande Vottesnes.-

Så laga han seg til ei dugeleg grefster. Der sto han i vatn til midjes og grov så sveitten rann av han. Oppkastet – grus og leir og stein -  det fauk til alle kantar, men mesteparten hamna på vestsida åt fjorden, og slik vart både Hellfjordtinden, Solumstinden, Bukkespelen og Kjøldraget til. Etter kvert som han sette reka ned i og bar ut til sides, vart der både fjordar og viker og hamner, både Hellfjorden og Melfjorden og Solumsfjorden. Men like etter fekk han Strandfjellet på reka, og då tok han så hardt i at skaftet bresta. Etterpå vart han nøydd til å ta det meir makelig, og sidefjordane vart små og tronge. Men rèsen, han syntest at Eidsfjorden sjøl var grunn og smal, og han meinte på at det var med nauda ein titing kunne komme seg inn der.-  Like vel grov han  videre så godt han kunne, og då han kom til Sildpollen, begynte han å hive oppkastet åt hi sida igjen. Så vart han litt trøytt og retta ryggen med han sa til reka si  på glank (=spøk):  Hakk,hakk! Denne staden fekk seinare namnet Hokkabogen.

Men kleva i skaftet vart større og større, og då rèsen skulle grave ut Bjørndalsfjorden, vart den både smal og trong. Det var berre eit lite stykkje igjen til Skjellfjorden – då datt skaftet tvers av. Rèsen vart så arg at han heiv rekbladet med skaftstumpen langt bortover. Det skar seg ned i og vart stående – som Reka. Skaftet sløngde rèsen etter seg inne i  Bjørndalsfjorden – det er Rekøya. Skjellfjordeidet er den land-beten som han ikkje fekk måka vekk.

Nu var det ikkje rèsen si meining å slutte arbeidet her. Han gjekk for å hente noke anna å grave med. Så kom han til å tenke på sola og at han kanskje ikkje hadde tida. Då han keik etter ho, kom ho fram, og rèsen vart til Mikkjeltinden som står og grin mot aust.

Men det som rèsen sa om Eidsfjorden, det brukar vesterålingar den dag i dag som eit ”ordtøkje” om slikt som er alt for rømmelig og vidt: Dè  akkorat så titingen i Eidsfjorden!


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Tekst av Finn Myrvang, basert på: ”Håløygminne” III (Edv. Ruud), i ”Trollfjell” av Leif Ytteren, i ”Hofdasegl”, ”Harstad Tidende” (”Scio” 1959), O.M. Nicolaissen.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Stian Lavik
Tittel:
Utviklingsansvarlig
Organisasjon:
Cerpus AS
Dato:
2007/06/25