Sjølve hin
Det heitte seg at Ås-åsen var vide kjent i fordums dage: I den tida var det nøgda av trollkjerringar og hekser, og de hadde eit større stemna på Åsen kver sommar. De kom ifrå Breivika og andre gårdar, ja frå plassar utafor øya òg. Like oppfor Aspelia ligg det ei lita tjønn som heiter Trollkjerringtjønna, - ho er attgrodd i dag. Tett attmed den tjønna hadde de møteplassen sin, ja det heiter seg at trollkjerringane gjekk til alters og. Ka slags altergang det var, kann vi saktas tenke oss.
Det går eit gammelt herm etter ein gong då to av dessan trollkjerringane rauk uklar. Då de var kommen godt i gang med trætta, meinte den eine på: «Berre vent til du kjem på Ås-åsen åt han far!»
Det var ei anna trollkjerring: Ho skulle gå ifrå Myre og utover til Andenes. Ho bar ei rya med seg på ryggen. Så skulle presten fare frå Dverberg til Andenes den same dagen, og ho kom då og ville vere med. Men han nekta å ta ho med. - Den turen stod då snøgt av seg for det same, for det var ju liksom at presten fekk børr, ja!
Då han kom til Andenes, kom kjerringa og stilla seg fram for han på fjæra og sa at nu var ho her. Ho hadde gådd heile vægen, sa ho. «Nei», svara presten, «du har ikke gået: Du har redet på djevelens beste!»
Ein prest på Dverberg fekk for lite brennved til jul eit året. Han løyste då fanden med svarteboka og sette han til å skaffe ved - økse-laus. Men då de stod opp om juldagsmorgonen, var det så fullt av treleggar i gården at de ikkje visste å komme seg fram. Og der «gamlingen» hadde tatt veden, i Prestdalen, vaks det ikkje skog meir. Alt var reve med rota.
Ein annen gong sette presten fanden til å legge Haugnessanden opp til tau. Fanden gråt og bad for seg, for di at tauet gjekk sundt for han; og enda skal der visest fòrer i sanden etter tautåttane.