Spøkelset i Valan
Det var ein kveld seint i adventa at lokalen kom frå Andenes og til Myre. Så var der ein innergårding som skulle heimover. Han hadde ikkje anna framkomstmiddel enn apostelhestan', men de var stø og godt brukande.
Mannen var ingen reddskit, - men det var så rart med Sellevollvalan, for der var ting som ikkje folk kunne gje noka forklaring på: Det gjekk fortellingar om draugen som valt der, i dynn og døsja, og andre hadde sett havmenn utpå som spratt i austavindsbåra berre så det saut og taut.
Det var halvskjømt, men månen var framme, og inn imot Valan blei det lit'e nifst, så mannen tok det just ikkje med ro då han nærma seg plassen. Og det var ikkje likare enn tenkt: På ein stabbestein i Valan, der sat det eit spøkelse - ja han bar skinbarlig kjensel på mannen og, for det var ein som de hadde herma mykje etter då de var unggutar, og han hadde lovd å hemne seg på dem! Men forbi måtte mannen, og det var liksom han fekk føtene føre seg på sørsida. Men der blei det straks anna å kjenne, for spøkelset hengte seg på han så tungt som om det skulle ha vore ein bjørn. Mannen, han var tettvaksen og sterk, men han bar som det skulle ha vore heitaste sommardagen, til sveitten rann. Og han som sat på ryggen, slepte seg ikkje av før de kom så langt at de såg lysan på Å. Men då var og mannen usein om å komme seg inn åt folk.
Det var det siste spøkelset noken var vars i Valan.