Autorisert Trollkatta?

Det var ein gong noken Bleiks-folk som skulle i vedskogen. Mens de går oppover, kjem der ein ting farande, liksom det var ein kagge som rulla framover. Der var ein i flokken som tok seg ei risbuska og dengte laus på tingen; men de blei av med han i det same han fór inn i skogen.

Ein annen gong var der seks mann som kjørte i skogen etter ved. Då kom der og rullande noke som såg ut som ein kagge, berre at han hadde langt ragg. Noken av de gav seg til å piske laus på tingen med riseskat. Så blei der sånn uro på hestane, og folket greip etter støtt-taumane. Men då blei det så gale at de måtte ta tak i oppstadarane for å greie å halde lag.

Den dagen var der ikkje ein hest som kom heim med lass, og der var ikkje eitt kjørety som var heilt.

Han Adolf Kristiansen på Saura kunne fortelle at ein gong han og han Johan Gansmo kom ifrå Andenes, blei de vars noke som likna to sekkar nordom Breivika. Det rulla framføre dem, og det fór like fort som de sjølv vann å gå.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/06