Uhyret i Vikabukta
Det var ein som gjekk «på legg», som de sa. Han blei kalla Ol' Johan, og gjekk legda før han Jakob Severin «Bang».*)
Han Ol' Johan var hos oss med vi var på Andnes; sidan blei han bortsett til Haugnes, og endte sine dagar der. Han var ein av de første som blei gravlagt på den nye kjerkegården på Andnes - som står for tur til å «utviddes» sørover; grava hans var den tid i øvre søre kanten.
Han Ol' Johan fortelte ein gong om eit stort uhyre som var dreve opp i Vikabukta på Andnes. Det var stort - «det hadde aua så ein ténntallerken», sa han. De hadde tallerkenar av tinn i gamle dagar. Ja, så måtte presten gå på preikestolen og be til Vårherre at han måtte lage til ei storflo, så mykje de blei skilt med dette uhyret.
Efrem Kaurin, Oslo
*) Jakob Severin Jakobsen f. Myre 1804, oppkalla etter presten Jakob Severin Bang. Førstnemnte ville derfor gjerna ha med "Bang" til kverdags, det passa han på.