Ulykke i Tussen
Thomas Johannessen hadde handel i Nykvåg. Han fekk varer over Hovden, som då hadde anløp av skip. Sander Olsen, Rise, rodde høvedsmann i Nykvåg. Han skulle hente varer frå Hovden på åttringen sin. Mens han var i Hovden, rauk det opp til sørvestkuling, så han måtte forlate båt og varer i Hovden og gå tilbake til Nykvåg.
Den 13. jan. 1897 vart det godt ver. Sander fekk då Nikolai Matiassen, Nyke, og Sevald Madsen, Rise, med seg for å hente båt og varer i Hovden. Dei gjekk tidleg på morgonen frå Nykvåg. Det var stupande mørkt, dei hadde løkt med, og Nikolai bar løkta.
Det var stilt og fint ver med avberrfrost. Som dei går nord etter Nykraen, tar det til å snø så smått, berre lite, men nok til at det blir glattare på den frosne marka.
Det vart nå snakka om kva veg dei skulle ta, om dei skulle gå over Tussen eller gjennom stien. Sander Olsen og Sevald Madsen hadde ikkje gått stien før, og dei ville gå over Tussen. Men det ville ikkje Nikolai høre snakk om. - Eg har aldri gått annan veg enn gjennom stien, og aldri kjem eg til å gjere det heller, sa han. Og då det var han som bar løkta, var dei to pent nøydde til å følge han.
Det gjekk bra til dei kom til den første hallaren. Der må ein gi seg fart for å komme opp. Første gong Nikolai prøvde, glei han ned. Andre gongen ga han seg betre fart. Då såg hine to at løkta gjorde ei luftreis utfor floget og i avgrunnen, men dei hørte ikkje ein lyd.
Der sat dei igjen i kolmørke vinternatta midt i stien. Det var greit at kameraten hadde falle utføre. Og då måtte han vere smadra, for det er 100 meters fall rett i fjæra. Det var ei fælsleg stund for dei to. Dei sat vel der eit kvarters tid, kanskje lenger. I mellom ropa dei: Nikolai! Men det kom ikkje svar. Så vart dei enige om å gå - ja, nå i mørka vart det mest å krype - stien tilbake og så gå over Tussen til Hovden. Der fekk dei folk med seg, og så følgte dei fjæra under Tussen - ein mest framkommeleg veg, men sia det var utfjæra og sjøen var smul, kom di seg på eit vis fram her. - Nede i fjæra fann dei eit smadra lik. Det vart bore til Hovden i eit segel.
Klokka hans Nikolai hadde også fått ein stygg medfart. Ho var stansa på kl. 6,10. - Løkta var ikkje å finne. Men då det 35 år seinare vart sprengt veg gjennom Tussen, fann dei glasbrotta av henne.
Sevald Madsen.